Nå har eg prøvd ut disse dagslinsene frå MyDay. Dei er ufattelig lett å ta inn på augene, men eg trur eg har fått feil styrke for eg ser dårligare med dei på enn uten linser i det heile. Har også slitt eindel med at augene tørkar ut i løpet av dagen og når klokka har passert seks så må eg nesten berre ta av linsene fordi eg rett og slett får vondt på augene mine.
Linsene pustar godt, det kjente eg i vertfall godt første dagane, då det blåste veldig og det kitla bak linsene mine når eg var ute og gjekk.
Det har vore veldig lærerikt for meg å få vera med på denne testen, men trur nok eg kjem til å holde meg til brillene enn så lenge, er ikkje så kjekt når ein får vondt på augene kvar dag :(
Tusen takk smartson som lot meg vera med på denne kjempe spennande testen!
Mandag den 28.10 fikk eg tatt ein augesjekk. Det var veldig rart at andre skulle ta meg på augene, ikkje akkurat så veldig flink å ikkje blinke når nokon andre kjem med ein finger rett mot auge mitt.. Jaja, fikk det til til slutt, reknar med at det vil vera litt enklare når eg får gjera det sjølv. Glede meg til linsene er i butikken og eg kan komme å hente dei, då skal eg og få opplæring i korleis eg bruke dei. Kjempe spennande!

Eg har vore så heldig at eg har blitt trekt ut til å få teste dei nye dagslinsene til coopervision myday.
Først blei eg veldig glad for denne æren, men så blei eg litt stressa for korleis eg skulle få ordna dette med synstest innan den 30. november. Men eg bekymra meg til ingen nytte, menneske er veldig hjelpsomme og det å få ordna synstest på mandag skulle ikkje vera eit problem i det heile. Nå er det berre å vente å sjå på mandag kva dommen er der.
Kjempe spennande!